Aleksander Ralla Vilnes
Aleksander Ralla Vilnes
Student på Musikerutdanningen 2004—2006
Aktuell: trommeslager i The Disciplines og Emmett Brown
NISS har vore viktig for meg fordi eg traff mange nye folk og fekk spele forskjellig musikk. Eg hadde gode lærarar og det var ein bra plass sosialt, noko som eg tykkjer er viktig for utvikle seg. Det å vere flink på eit instrument er ikkje nok, ein må også fungere sosialt med andre.
Samspelgruppene var veldig lærerike med tanke på at eg fekk spele sjangrar eg aldri hadde spelt før, både live og i studio. Eller så var det jo viktig at vi hadde god tilgong til øvingslokale slik at eg fekk øvd mykje.
Eg brukar ofte kontaktnettet frå NISS. Eg har fått fleire jobbar gjennom folk frå NISS, alt frå Nobels Fredspriskonsert til diverse småjobbar. No har eg ein god del å gjere; den nye plata til The Disciplines kjem til våren, og så har eg spelt på by:Larm med Emmett Brown. Eg har komme dit eg er i dag fordi eg har øvd mykje og spelt med forskjellige folk, som igjen har ført til at eg har fått dei sjansane eg har fått med å spele med etablerte band som Animal Alpha og The Disciplines. Framover så blir det mykje live-speling med både The Disciplines og Emmett Brown i Noreg og det store utland!
Fordelen med å studere musikk på NISS er at studiet er nisjebestemt: Det går i rota på det som er essensielt i populærmusikk og har fjerna alt "svada" som ikkje er viktig i nettopp populærmusikk. NISS utdannar deg også til å bli ein musikar som er som ei potet, anvendeleg til det meste. Ein må berre øve så mykje ein kan, både åleine og i lag med andre. Ein får ikkje ting gratis! Og så må ein bruke dei ressursane som er tilgjengelege og ikkje vere redd for å promotere seg sjølv.
les mer
|
|
|
|
- Nyheter
- Om utdanningen
- Opptak
- Ofte stilte spørsmål
- Studentarbeider
- Studentintervjuer
- Tidligere studenter
- Artistbesøk på NISS
- Demopanel
- Presseomtale
- Info in English
Aktuelle kurs
Hva skjer?
Få nyhetsbrev fra NISS
Vil du ha oppdatert informasjon om våre arrangementer?
Meld deg på vår mailingliste:



